Switch Language

Click here

Sjøtunet

Sjøtunet

På Rykkje, 5 km frå Øystese sentrum, ligg Sjøtunet med Pakkhuset, Sjøloftet og Naustet, tre fullt utstyrte utleigeeiningar. Idylliske omgjevnader på ein fruktgard ved Hardangerfjorden. I tunet bur Torunn og Alf, «besto» Gyda, hunden Vilma, katten og sauene. Son Simen og dotter Mari er ofte i tunet, men bur for tida i Bergen.
I Øystese og Norheimsund er det butikkar, hotell og restaurant. Avstand til Bergen er 85 km, om lag 1,5 time med buss eller bil.
Hyttene har utsikt over fjorden, eigen avskjerma uteplass og moglegheit for leige av båt og fiskeutstyr.
Tilgang på plommer og bringebær i sesongen, kjøtt og skinn frå eigne dyr kan kjøpast heile året.

Vertskapet:
Alf Storaas og Torunn Litlebø
Fyksesundvegen 267, N-5610 Øystese, Norway
E-post: sjotunet@gmail.com
Mobiltelefon: +47 97039591 og +47 90704190
Web: http://www.sjotunet.no
GPS KOORDINATER: 
Breddegrad: 60.380656599 
Lengdegrad: 6.2664468000